Oslojuniorlag_hele gjengen

Bli med på Sjokoladekappleik

På laurdag kan du også vere med på Sjokoladekappleik - ein uformell arena for born som vil vise fram song, spel eller dans.

Sjokoladekappleiken foregår på Lille Oslo (kafeen i 1.etasje) på Riksscenen laurdag 10.november i samband med Oslokappleiken og Folkelarm.

Programstart er kl. 11:00.

Alle unge får opptre og vise fram det dei kan. Ein kan opptre i gruppe eller for seg sjølv. Ein får hyggelege attendemeldingar frå to dommarar og alle får sjølvsagt sjokolade i premie. Det er ingen rangering eller konkurranse, men ei uformell mønstring. Det er stor stas for ungane å møte andre unge som driv med det same som dei sjølv. 

Programleiar er Mari Måge medan dommarar er Bjørn Sigurd Glorvigen og Ingeborg Ulberg Sommer.

 

Sjokoladekappleiken er gratis for ungar og vaksne, men ynskjer ein å vera på Oslokappleik og Folkelarm utover dagen (etter 1230) kjøper ein eigen billett gjennom Riksscenen.

 

Har du spørsmål til Sjokoladekappleiken er det berre å ta kontakt med Karin Kolden (karin.kolden@gmail.com). Velkomen til store og små!

2018-11-08 Lene Furuli
Tips en venn Skriv ut