18-09-18_BULDER-BUL17

Gratis ungdomssamling 10.november

Gratis samling for alle ungdom på Oslokappleiken laurdag 10.november!

Etter tevlingane på Oslokappleiken er det laga til eit opplegg for ungdom med mat, dans og sosialt - alt sammen gratis!

Samlinga er ope for alle ungdom som deltek på kappleiken, og har du ein ven eller eit syskjen er dei sjølvsagt velkomen også. Samlinga er rusfri.

Marianne Tomasgård er vertskap og får god hjelp av ungdomar frå BULder og Brak.

 

Program:

16:30 - Gratis pizza og brus på Øvingshotellet (1.etasje)

17:30 - Dans til Snaustrinda, Søndre Trondhjem spellmannslag og Olof Misgeld (Kafeen på Riksscenen/Lille Oslo 1.etasje)

18:45 - Lansering av barnestemnet Småleik 2019 (Lille Oslo 1.etasje)

19:00 - Premieutdeling Oslokappleiken (Lille Oslo)

 

Ungdomssamlinga er eit samarbeid mellom Oslokappleiken, EFH holding v/ Eva Fischer og Akershus Musikkråd "Bølingen" v/ Marianne Tomasgård. 

Foto: Thor Hauknes

 

2018-11-05 Lene Furuli
Tips en venn Skriv ut