Stor folkemusikkhelg i Oslo!

Oslokappleik 26. oktober 2013

Oslokappleiken 2013 blir arrangert laurdag 26. oktober i Nordahl Bruns gate 22 i Oslo hos Bygdelagssamskipnaden. Besøk Riksscenen på fredag og søndag, så får du ei heil folkemusikkhelg i Oslo!

Program:

Sjokoladekappleik klokka 10.30

Kappleik klokka 12.00

Fest med premieutdeling klokka 20.00

Påmelding på www.paamelding.folkemusikk.no er no åpen. Det er billegare å melde seg på på førehand.

Laget for folkemusikk arrangerar kappleiken i samarbeid med Bygdelagssamskipnaden.

Bruk anledninga til ei folkemusikkhelg i Oslo. Hos Riksscenen kan du gå på konsert både fredag og søndag:

Fredag: Erlend Apneseth - dei nye tradisjonsbærarane

Søndag: Kartellet klokka 16.00

Søndag: Kartellet klokka 18.00