Mesterkonsert 2014 Foto: Ingvil Skeie Ljones

10.november 2018 blir det igjen Oslokappleik på Riksscena. Hald av datoen!

Oslokappleiken 10.november 2018

I 2018 blir det igjen stor folkemusikk- og dansehelg i Oslo 8.-11.november med Folkelarm, Oslokappleik og Meisterkonsert - alt i same helga. 

Folkelarm og Oslokappleiken kjem til å gå føre seg på Riksscena slik som tidlegare, og så vert det Meisterkonsert med vinnarar frå Landskappleik og Landsfestival i Operaen sundagen. Det kan vera lurt å skaffe seg overnatting allereie då me ventar storinnkrykk til hovedstaden.

 

Påmelding til kappleiken opnar etter sommarferien og det vil også i år kun vera førehandspåmelding, så her gjeld det å planlegge godt.

Meir informasjon kjem på Laget for folkemusikk si Facebook-side.

Ta gjerne kontakt med Solveig Brekke Hauknes (solveig.hauknes@gmail.com) dersom du har spørsmål eller tankar kring kappleiken.

 

Hugs å hald av datoen 10.november. Velkomen!

Tips en venn Skriv ut