BUL kappleik

Oslokappleiken 16. november 2019

Vi er klare for Oslokappleiken 2019!

Velkomen til folkemusikkhelg i Oslo med FOLKELARM og Oslokappleiken 14.-17 .november!

Oslokappleiken arrangerast av OsloFolk – Laget for folkemusikk i Oslo på Riksscenen laurdag 16.november.
Det blir tevling i senior- og juniorklasser, sjokoladekappleik for dei yngste og sjølvsagt mykje dans og konsertar på kveldstid.

Følg med på Facebook-hendinga for oppdateringar (trykk her).

Program:
10:00 Registreringa opnar
11:00-16:00 Tevling i to salar (Riksscenen)
11:00-12:30 Sjokoladekappleik
16:15-19:00 Gratis ungdomssamling med dans, musikk og mat mellom kappleiken og premieutdelinga.

19:00 Premieutdeling
19:40 Folkelarmprisen
20:00 Dans
I tillegg er det masse flotte konserter i regi av Folkelarm heile kvelden.

Påmelding:
Påmeldinga er open og stenger 01.november. Det er begrensa med plassar, så det er lurt å vera tidleg ute med påmeldinga.
Meld deg på her: https://tevling.folkorg.no/.

Er du ikkje medlem i FolkOrg kan du melde deg på ved sende e-post til oslokappleiken@gmail.com.
Pris per deltaking 200,- (senior) 150,- (junior). Deltakaravgifta gjeld som inngangsbillett heile laurdagen på Riksscenen.

Påmelding til sjokoladekappleik til ungefolkemusikereo@gmail.com eller ved oppmøte.

Sjokoladekappleik er gratis.
Publikum kjøper billettar i døra eller på www.riksscenen.no til tevlingar.
Billettar til Folkelarm finn du her: https://www.folkelarm.no/

Spørsmål? Send dei til oslokappleiken@gmail.com.

Med atterhald om endringar.