Pressemelding Oslokappleiken 2009

Slåttestrofer med gammal tonalitet spela av Leif Inge Schjølberg i hovudet er bakgrunn for å melde ein av dei støre kappleikane i laget si nyare historie. 144 startande og 51 numre er om lag 30% auke frå i fjor. Og kvaliteten på deltakarane var jamt over svært høg. Jon Aarekol og Ingvild Lie leia kappleiken med god støtte frå kappleiksleiaren Tone Eidsvold. Norsk Folkemusikksamling ved Hans Hinrich Thedens filma kappleiken for arkivet.

Konserten med Leif Inge Schjølberg fredagen (30 okt) portretterte ein kreativ og mangfaldig musikar som formidla stoff etter kjelder med heilt ulik tonalitet, rytme, stemning og spelestil. Han hadde og med to eigne slåttar. Eit av innslaga var faren Ivar Schjølberg som spela eit porpuri av songtonar. Det var musende stille i salen. Var det fleir som kjende att noko? Me fekk og høyre tre generasjonar Schjølberg spela gneistrande dansespel. Sønene Anders og Eirik spela til dans og stilte med faren på kappleiken Laurdag. Anders vann C-klassa på fele og reiste med karbonfiberbogen.

Hardingfele A vart vunne av Anne Hytta frå Tuddal Spelemannslag som da fekk fyrste nappet sitt i pokalen gjeve av Marianne Berg. B-klassa vart vunnen av Alexander Røynestrånd frå Hardanger. Sivert Holmen frå Valdres vann hardingfele klasse C og karbonfiberboge. Eldste klasse på hardingfele hadde ein deltakar: Einar Øverland som og stilte i vokal. Fele klasse A vann Erlend Viken

Rikke Van Ommeren sikra seg fyrste nappet i vandrepremien for durspel, Ingvild Lie fekk nytt napp for vokalklassa og Kenneth de Gala fekk napp for beste danspespelemann. Numedalslaget i Oslo sikra seg andre nappet i vandrepremien for lagdans.

Sjokoladekappleiken for de aller minste samlet 30 unger til uformell tevling som vart leia av Lars Underdal og Marit Vestrum.

 

Dommere i spel

Øyonn Groven Myhren

Eilif Gundersen

Eilev Groven Myhren

 

 

Dommere i dans

Renate Nysted Tønnessen

Minna Wetlesen

Dagfinn Krogsrud

 

 

Beste deltakere

Beste dansespel: Kenneth de Gala

Beste dansepar hardingfele: Torkjell Lunde Børsheim og Anna Nergaard Rathe

Beste dansepar fele: Elin Eidsand og Pål Anders Sveen

Beste lausdans: Bjørnar Blaavarp Heimdal

Best på hardingfele: Anne Hytta

Best på vanleg fele: Erlend Viken

Best på durspel: Rikke Van Ommeren

Beste utøver i vokal folkemusikk: Ingvild Lie

Beste lagdans: Numedalslaget i Oslo

 

 

Takk til dugnadsfolkene

Takk til alle som hjalp til med å gjere arrangementet mogleg: Dommerne, Barnelaget i BLS, Telelaget, Numedalslaget, Valdreslaget, Hallinglaget og Sogn og Fjordaneringen i Oslo, Saffa, Spelemannlaget de Frilyndte og Bærum Spelemannslag, spelemennene Ragnar Heyerdahl, Erik Sollid, Lars Underdal, Laura Ellestad og Mats Johansson.

Hilsen styret i Laget for Folkemusikk i Oslo v/ Anders Buen