Tevlingsregelverk for Oslokappleiken

Revidert av styret i Laget for folkemusikk (LFF) 06.05.2014

A. Generelle reglar

1. Føremål

Føremålet med tevlinga er:

  • Å gjere songen, musikken og dansen betre kjend
  • Å lage ein møtestad for vener av norsk folkemusikk og folkedans
  • Å motivere dei aktive til å betre prestasjonane sine
  • Å styrke dei lokale tradisjonane rundt om i landet og mangfaldet i folkemusikken og folkedansen.

2. Gyldigheit

Reglane gjeld for tevlingar i regi av Laget for folkemusikk. Reglementet baserar seg på FolkOrg sitt tevlingsreglement. Om noko er uklart, gjeld FolkOrg sitt tevlingsreglement.

3. Ansvar

  • Styret i Laget for folkemusikk er hovudansvarleg for reglementet og har det avgjerande ordet i eventuelle tvistar i samband med reglementet.

4. Utøvarane

  • Alle deltakarane på tevlinga må vere medlemmer i FolkOrg.
  • Utøvarane godtek så vel desse føresegnene, vilkåra for dømming samt domarane sin dom når dei deltek på tevlingar i regi av Laget for folkemusikk.
  • Det er same avgift per deltakar og per klasse anten ein deltek i lagdans, lagspel, grupper, open klasse, pardans eller individuell tevling. Juniorar har lågare deltakaravgift enn seniorar. Deltakaravgifta kan graderast i høve til tidspunkt for påmelding.
  • Synleg rusa utøvarar blir nekta å delta.
  • Junior og C-klassene er for deltakarar frå og med det kalenderåret dei fyller 12 til og med det kalenderåret dei fyller 18 år.
  • Juniorar og C-klassingar kan stille i klasse senior om dei ønskjer det, men dei kan ikkje stille i begge klassar m/unntak av lagdans og lagspel.
  • I klassene for junior lagspel, junior gruppespel og junior lagdans kan deltakarane vere yngre enn 12 år. Ingen over 18 år kan delta i desse klassane. Det vert ikkje gjort unntak for musikalsk leiar/danseleiar.
  • Det er ikkje høve til å delta i same klasse meir enn ein gong med same instrument. Dette gjeld i alle klasser med unntak av to spesialhøve i klassa lagspel: 1) ein gongs deltaking i definerte studentspelemannslag i tillegg til anna lag, og 2) ein leiar i eitt lag kan vere med som vanleg lagspelar i eitt anna lag.
  • Det er høve til å delta inntil 3 gonger i klassa for lagdans.

5. Tevling

  • Tevlingsnummer på tevlingar i regi av FolkOrg skal vere folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga av norske komponistar i tradisjonell stil.

6. Dømming

  • Kvar tevlingsgrein blir dømt av tre dommarar.
  • Oslokappleiken nyttar dommarskjema som er utarbeidd av FolkOrg.
  • Dommarane kan ikkje dømme soloutøvarar og pardansarar dei er i nær slekt med og blir da rekna for inhabile. Som nær slekt reknast: foreldre, besteforeldre, barn, søsken, og ektefelle/sambuar.
  • Dommarane har ikkje høve til sjølve å seie seg inhabile av andre grunnar t.d. venskap, lagstilknytning og liknande.
  • Ingen domarar er inhabile til å dømme lag eller grupper.
  • Ein inhabil domar forlet lokalet under dømminga av den aktuelle deltakaren. Den samla poengsummen frå dei dommarane som sit att, blir delt på det tal dommarar som faktisk har dømt og multiplisert med talet på fullt dommarkollegium.
  • Ein dommar kan ikkje sjølv delta i den tevlingsgreina han er medlem av dommarkollegiet for.
  • Alle klassane skal ha plassiffer og poengsummar for alle deltakarane.
  • Ingen deltakarar har krav på munnlege, eller skriftlege kommentarar utover poengsum og rangering.

7. Premiering

  • Alle juniorane skal ha deltakarpremie. Ingen i seniorklassene får deltakarpremie.
  • Den beste tredjedelen av deltakarane skal ha premie, men det vert gitt maksimalt tre premiar i kvar klasse.
  • I pardans skal paret ha kvar sin premie.

 

8. Klasseinndeling på Oslokappleiken

Det blir tevla i følgjande klassar:

Spel vanleg fele

Junior og senior

Spel hardingfele

Junior og senior

Vokal folkemusikk

Junior og senior

Eldre folkemusikkinstrument

Junior og senior

Durspel/trekkspel

Junior og senior

Samspel (gruppespel og open klasse)

Junior og senior

Lagspel

Junior og senior

Pardans vanleg fele

Junior og senior

Pardans hardingfele

Junior og senior

Halling

Junior og senior

Lagdans

Junior og senior

 

9. Tevling i spel

  • Utøvarane kan spele 2 slåttar eller fleire slåttar i 2 kuler med maksimum 5 minutt speletid per kule. Dei skal leggje vekt på å syne rikdom i slåttetilfang og bør spele slåttar i ulik taktart eller med ulik karakter.

Lagspel

  • I lagspel skal fele, hardingfele eller eldre folkemusikkinstrument vera berande instrument med minimum 5 personar på det berande instrumentet, men utover dette er det ingen avgrensingar i type instrument.

Samspel (gruppespel og open klasse)

  • I denne klassen vil ein oppmode til å bruke så vel eldre samspelformer og instrumentsamansettingar som nytenking og eksperimentering. Det skal ikkje vere noko avgrensing i instrument. Max tid pr. startnummer er 6 min.

Dansespel

  • På Oslokappleiken er det faste dansespelpris.
  • Det er dansedommarane som deler ut prisen til beste dansespelemann som spelar for dansarar i tevling

 

10. Tevling i vokal folkemusikk

  • I vokal folkemusikk er framføringstida ca. 2-6 minutt for å få nokolunde likt samanlikningsgrunnlag. Dersom visa er lang, er det nok med ei.
  • Ein skal ikkje nytte skriftleg hjelpetekst.

11. Tevling i dans

Pardans

  • Paret blir dømd samla.
  • I pardans kan ein delta med to dansar, men da må dansane vera i ulik taktart.
  • Frå dei områda som har tradisjon for stutte dansar, kan det framførast fleire dansar etter kvarandre. Maksimum tid: 5 min.
  • Det er høve til å danse m/følgje.
  • Utøvarane kan bli pålagt å danse fleire par samtidig på scena.
  • Tevlinga i dans er avgrensa til bygdedansane.

Lagdans

  • Minimum 5 par - maksimum 10 par, evt. minimum 5 – maksimum 10 lausdansarar.

12. Vandrepremiar

  • Det er sett opp vandrepremiar i ulike klassar.
  • Napp i vandrepremiar går til vinnaren av den klassa den er satt opp i.
  • Det delast ikkje ut napp dersom det er færre enn 3 deltakarar i klassa.
Tips en venn Skriv ut