Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes

Det vert Oslokappleik 27. november 2021

Vi er veldig glade for å kunne fortelle at det endelig blir Oslokappleik igjen!

Laurdag 27. november blir det endelig Oslokappleik på Riksscenen i samband med Folkelarm. 

Det blir tevling i senior- og juniorklasser, sjokoladekappleik for dei yngste og sjølvsagt mykje dans og konsertar på kveldstid. Kappleiken vil foregå på Riksscenen i tidsrommet kl. 10-16, detaljar kjem.

Påmelding skjer gjennom FolkOrg sitt tevlingssystem, så får vi sjå om det vert nokre ledige plassar som kan registrerast ved oppmøte, men vi føretrekk førehandspåmelding.
Er du ikkje medlem i FolkOrg kan du melde deg på ved å sende e-post til oslokappleiken@gmail.com.


SJOKOLADEKAPPLEIK:
Påmelding til sjokoladekappleik til ungefolkemusikere@gmail.com eller ved oppmøte.
Sjokoladekappleik er gratis.


PRIS:
Meir info om prisar for deltaking og gjennomgangsbillett kjem.
Publikum kjøper billettar i døra eller på www.riksscenen.no til tevlingar.
Billettar til Folkelarm finn du her: https://www.folkelarm.no/


Spørsmål? Send dei til oslokappleiken@gmail.com.

 

Vi gler oss!