Tevlingsregelverk for Oslokappleiken

 

Revidert av styret i Oslo Folk - Laget for folkemusikk (LFF) 11.11.2021 

A. Generelle reglar

1. Føremål
Føremålet med tevlinga er:

  • Å gjere songen, musikken og dansen betre kjend
  • Å lage ein møtestad for vener av norsk folkemusikk og folkedans
  • Å motivere dei aktive til å betre prestasjonane sine
  • Å styrke dei lokale tradisjonane rundt om i landet og mangfaldet i folkemusikken og folkedansen.

2. Gyldigheit
Reglane gjeld for tevlingar i regi av OsloFolk - Laget for folkemusikk. Reglementet baserar seg på FolkOrg sitt tevlingsreglement. Om noko er uklart, gjeld FolkOrg sitt tevlingsreglement.

3. Ansvar
Styret i OsloFolk - Laget for folkemusikk er hovudansvarleg for reglementet og har det avgjerande ordet i eventuelle tvistar i samband med reglementet.

4. Utøvarane

  • Vi oppmodar om at kappleiksdeltakarar melder seg inn i FolkOrg, men det er også høve til å delta utan medlemskap i organisasjonen. Utøvarane godtek så vel desse føresegnene, vilkåra for dømming samt domarane sin dom når dei deltek på tevlingar i regi av OsloFolk - Laget for folkemusikk.
  • Det er same avgift per deltakar og per klasse anten ein deltek i lagdans, lagspel, samspel (gruppespel og open klasse), pardans eller individuell tevling. Juniorar har lågare deltakaravgift enn seniorar. Deltakaravgifta kan graderast i høve til tidspunkt for påmelding.
  • Synleg rusa utøvarar blir nekta å delta.
  • Juniorklassane er for deltakarar frå og med det kalenderåret dei fyller 12 til og med det kalenderåret dei fyller 18 år.
  • Juniorar kan stille i klasse senior om dei ønskjer det, men dei kan ikkje stille i begge klassar m/ unntak av lagdans og lagspel.
  • I klassene for junior lagspel, junior samspel (gruppespel og open klasse) og junior lagdans kan deltakarane vere yngre enn 12 år. Ingen over 18 år kan delta i desse klassane. Det kan gjerast unntak for musikalsk leiar/danseleiar. 
  • Det er ikkje høve til å delta i same klasse meir enn ein gong med same instrument. Dette gjeld i alle klasser med unntak av to spesialhøve i klassa lagspel:
  • ein gongs deltaking i definerte studentspelemannslag i tillegg til anna lag
  • ein leiar i eitt lag kan vere med som vanleg lagspelar i eitt anna lag
  • Det er høve til å delta inntil 3 gonger i klassa for lagdans.

5. Tevling

Tevlingsnummer på tevlingar i regi av FolkOrg skal vere folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga av norske komponistar i tradisjonell stil.

6. Dømming

  • Kvar tevlingsgrein blir dømt av tre dommarar.
  • Oslokappleiken nyttar dommarskjema som er utarbeidd av FolkOrg.
  • Dommarane kan ikkje dømme soloutøvarar og pardansarar dei er i nær slekt med og blir da rekna for inhabile. Som nær slekt reknast: foreldre, besteforeldre, barn, søsken, og ektefelle/sambuar.
  • Dommarane har ikkje høve til sjølve å seie seg inhabile av andre grunnar t.d. venskap, lagstilknytning og liknande.
  • Ingen domarar er inhabile til å dømme lag eller grupper.
  • Ein inhabil domar forlet dommarbordet under dømminga av den aktuelle deltakaren. Den samla poengsummen frå dei dommarane som sit att, blir delt på det tal dommarar som faktisk har dømt og multiplisert med talet på fullt dommarkollegium.
  • Ein dommar kan ikkje sjølv delta i den tevlingsgreina han/ho er medlem av dommarkollegiet for.
  • Alle klassane skal ha rangering med plassiffer og poengsummar for alle deltakarane.
  • Ingen deltakarar har krav på munnlege, eller skriftlege kommentarar utover poengsum og rangering.

7. Premiering

  • Det er opp til kvart års arrangør å vurdere om det skal settast opp deltakarpremiar til juniorane. Ingen i seniorklassene får deltakarpremie.
  • Den beste tredjedelen av deltakarane skal ha premie, men det vert gitt maksimalt tre premiar i kvar klasse.
  • I pardans skal paret ha kvar sin premie.
     

8. Klasseinndeling på Oslokappleiken
Det blir tevla i følgjande klassar, i både junior og senior:

  • Spel fele
  • Spel hardingfele
  • Vokal folkemusikk
  • Eldre folkemusikkinstrument
  • Durspel/trekkspel
  • Samspel (gruppespel og open klasse)
  • Lagspel
  • Dans fele 
  • Dans hardingfele 
  • Halling
  • Lagdans
     

9. Tevling i spel
Utøvarane kan spele 2 slåttar eller fleire slåttar i 2 kuler med maksimum 5 minutt speletid per kule. Dei skal leggje vekt på å syne rikdom i slåttetilfang og bør spele slåttar i ulik taktart eller med ulik karakter.

Lagspel

  • I lagspel skal fele, hardingfele eller eldre folkemusikkinstrument vera berande instrument med minimum 5 personar på det berande instrumentet, men utover dette er det ingen avgrensingar i type instrument.

Samspel (gruppespel og open klasse)

  • I denne klassen vil ein oppmode til å bruke så vel eldre samspelformer og instrumentsamansettingar som nytenking og eksperimentering. Det skal ikkje vere noko avgrensing i instrument. Max tid pr. startnummer er 6 min.

Dansespel

  • På Oslokappleiken er det fast dansespelpris. Det er dansedommarane som deler ut prisen til beste dansespelemann som spelar for dansarar i tevling.

10. Tevling i vokal folkemusikk
I vokal folkemusikk er framføringstida ca. 2-6 minutt for å få nokolunde likt samanlikningsgrunnlag. Dersom visa er lang, er det nok med ei.
Ein skal ikkje nytte skriftleg hjelpetekst.

11. Tevling i dans
Pardans

  • Paret blir dømd samla.
  • I pardans kan ein delta med to dansar, men da må dansane vera i ulik taktart.
  • Frå dei områda som har tradisjon for stutte dansar, kan det framførast fleire dansar etter kvarandre. Maksimum tid: 5 min.
  • Det er høve til å danse m/ følgje.
  • Utøvarane kan bli pålagt å danse fleire par samtidig på scena.
  • Tevlinga i dans er avgrensa til bygdedansane.

Lagdans

  • Minimum 5 par - maksimum 10 par, evt. minimum 5 – maksimum 10 lausdansarar.

12. Vandrepremiar

  • Det er sett opp vandrepremiar i ulike klassar.
  • Napp i vandrepremiar går til vinnaren av den seniorklassa den er satt opp i.
  • Det delast ikkje ut napp dersom det er færre enn 3 deltakarar i klassa, med mindre kappleikskomiteen vurderer det annleis.