Tevlingsreglement Distrikskappleiken 2025
Generelle reglar
1. Føremål
Føremålet med tevlinga er:
- Å gjere songen, musikken og dansen knytt til vanlegfeleområdet betre kjend
- Å lage ein møtestad for vener av norsk folkemusikk og folkedans
- Å motivere dei aktive til å betre prestasjonane sine
- Å styrke dei lokale tradisjonane rundt om i landet og mangfaldet i folkemusikken og folkedansen.
2. Utøvarane
- Det er i utgangspunktet slik at kappleiksdeltakarane må vere medlem i FolkOrg. Du kan melde deg inn på www.folkorg.no. Det kan vere mogleg å delta utan medlemskap i organisasjonen dersom det er særskilte årsakar, t.d. deltakaren er svensk.
- Utøvarane godtek så vel desse føresegnene, vilkåra for dømming samt domarane sin dom når dei deltek på tevlingar på Distriktskappleiken.
- Det er same avgift per deltakar og per klasse lag, Deltakaravgifta kan graderast i høve til tidspunkt for påmelding.
- Juniorklassane er for deltakarar frå og med det kalenderåret dei fyller 12 til og med det kalenderåret dei fyller 18 år.
- Juniorar kan stille i klasse senior om dei ønskjer det, men dei kan ikkje stille i begge klassar m/ unntak av lagdans og lagspel.
- I klassene for junior lagspel, junior gruppespel og junior lagdans kan deltakarane vere yngre enn 12 år. Ingen over 18 år kan delta i desse klassane.
- Det er ikkje høve til å delta i same klasse meir enn ein gong med same instrument, med unntak av dansespel og lagspel.
- Det er høve til å delta inntil 3 gonger i klassa for lagdans.
- Det er høve til å delta inntil 2 gonger i klassa pardans dersom ein stiller opp med ulike dansetypar.
Deltakarar og arrangørar har eit ansvar for at tevlingane går føre seg på ein god og trygg måte for alle involverte.
3. Tevling
Tevlingsnummer på tevlingar i regi av FolkOrg skal vere folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga av norske komponistar i tradisjonell stil.
På distriktskappleiken er det opent for å nytte både bygdedans- og runddansrepertoar.
4. Dømming
- Kvar tevlingsgrein blir dømt av tre dommarar.
- Distriktskappleiken nyttar dommarskjema som er utarbeidd av FolkOrg.
- Dommarane kan ikkje dømme soloutøvarar og pardansarar dei er i nær slekt med og blir da rekna for inhabile. Som nær slekt reknast: foreldre, besteforeldre, barn, søsken, og ektefelle/sambuar.
- Dommarane har ikkje høve til sjølve å seie seg inhabile av andre grunnar t.d. venskap, lagstilknytning og liknande.
- Ingen domarar er inhabile til å dømme lag eller grupper.
- Ein inhabil domar forlet dommarbordet under dømminga av den aktuelle deltakaren. Den samla poengsummen frå dei dommarane som sit att, blir delt på det tal dommarar som faktisk har dømt og multiplisert med talet på fullt dommarkollegium.
- Ein dommar kan ikkje sjølv delta i den tevlingsgreina han/ho er medlekom av dommarkollegiet for.
- Alle klassane skal ha rangering med plassiffer og poengsummar for alle deltakarane.
- Ingen deltakarar har krav på munnlege, eller skriftlege kommentarar utover poengsum og rangering.
5. Premiering
- Det er opp til kvart års arrangør å vurdere om det skal settast opp deltakarpremiar til juniorane. Ingen i seniorklassene får deltakarpremie.
- Den beste tredjedelen av deltakarane skal ha premie, men det vert gitt maksimalt tre premiar i kvar klasse.
- I pardans skal paret ha kvar sin premie.
6. Klasseinndeling på Distriktskappleiken
Det blir tevla i følgjande klassar, i både junior og senior:
- Spel fele jr. og sr.
- Vokal jr. og sr.
- Eldre folkemusikkinstrument jr. og sr.
- Durspel/trekkspel jr. og sr.
- Gruppespel til dans jr. og sr.
- Lagspel fele jr. og sr.
- Dans jr. og sr.
- Halling jr. og sr.
- Lagdans jr. og sr.
7. Tevling i spel
Utøvarane kan spele 2 slåttar eller fleire slåttar i 2 kuler med maksimum 5 minutt speletid per kule. Dette kan utvidast når det gjeld klassa Gruppespel til dans. Dette er opp til arrangør ettersom kor mange påmelde i klassa.
Deltakarane skal leggje vekt på å syne rikdom i slåttetilfang og bør spele slåttar i ulik taktart eller med ulik karakter.
Lagspel
- I lagspel skal fele eller eldre folkemusikkinstrument vera berande instrument med minimum 5 personar på det berande instrumentet, men utover dette er det ingen avgrensingar i type instrument.
Gruppespel til dans jr. og sr.
- I denne klassen ynskjer vi å få til god dansestemning. Det er i utgangspunktet fri instrumentering, men må ikkje vere fleire enn fire på fele. Denne klassa blir på kveldstid.
Dansespel
- På Oslokappleiken er det fast dansespelpris. Det er dansedommarane som deler ut prisen til beste dansespelemann som spelar for dansarar i tevling.
8. Tevling i vokal
I vokal folkemusikk er framføringstida ca. 2-6 minutt for å få nokolunde likt samanlikningsgrunnlag. Dersom visa er lang, er det nok med ei.
Ein skal ikkje nytte skriftleg hjelpetekst.
9. Tevling i dans
Pardans
- Paret blir dømd samla.
- I klassa pardans kan ein delta to gonger, men da må ein danse to ulike typar dansar.
- Frå dei områda som har tradisjon for stutte dansar, kan det framførast fleire dansar etter kvarandre. Maksimum tid: 5 min.
- Utøvarane kan bli pålagt å danse fleire par samtidig på scena.
- Merk: På Distriktskappleiken er det opent for å nytte både bygdedans- og runddansrepertoar.
Lagdans
- I lagdans senior er det minimum 5 par - maksimum 10 par, evt. minimum 5 – maksimum 10 lausdansarar.
- I lagdans junior er det minimum 3 par.