Kenneth de Gala, Oslokappleik 2012

Oslokappleik 2022

Velkomen til folkemusikkhelg i Oslo med Oslokappleiken og Folkelarm på Riksscenen 26. november!

 
Oslokappleiken arrangerast av OsloFolk - Laget for folkemusikk i Oslo på Riksscenen laurdag 26. november. Det blir tevling i senior- og juniorklasser, sjokoladekappleik for dei yngste og sjølvsagt mykje dans og konsertar på kveldstid.
PROGRAM :
10:30-16:00 Kappleik på Hovedscenen
10:30-12:00 Sjokoladekappleik på Klubbscenen
12:30-16:00 Kappleik på Klubbscenen
19:40 Premieutdeling
20:00 Dansespel på Riksscenen
PÅMELDING:
Førehandspåmelding innan 18. november: https://tevling.folkorg.no/
På grunn av begrensa plassar oppmodar vi til førehandspåmelding. OBS: Påmeldinga kan bli stengt før fristen dersom lista blir full.
Er du ikkje medlem i FolkOrg kan du melde deg på ved å sende e-post til oslokappleiken@gmail.com.
SJOKOLADEKAPPLEIK:
Førehandspåmelding og ved oppmøte.
Sjokoladekappleik er gratis for deltakere og publikum.
PRIS:
Deltakaravgift senior: 200,-
Deltakaravgift junior: 150,-
(Deltakaravgift inkluderer konsertar og dans på laurdagskvelden)
Sjokoladekappleik: Gratis
Billettar til dei andre dagane på Folkelarm finn du her: https://www.folkelarm.no/
Spørsmål? Send dei til oslokappleiken@gmail.com / 991 60 741 (Lene Furuli).
Med atterhald om endringar.