12244618_1028900920485027_7494556080657858944_o

Påmeldinga til Oslokappleiken 2018 er åpen

Frist 31.oktober, dersom det ikkje blir fullt før, så ver rask!

No er påmeldinga til Oslokappleiken 2018 åpna.

Meld deg på ved å logge deg inn på denne lenka: https://tevling.folkorg.no/.  Merk at du må betale og få kvittering på e-post før påmeldinga er godkjent. Har du spørsmål tek du kontakt med FolkOrg som driftar påmeldingssystemet eller kappleikskomiteen v/ solveig.hauknes@gmail.com.

Er du ikkje medlem i FolkOrg kan du sende ein e-post til soveig.hauknes@gmail.com for å melde deg på. Me anbefaler sjølvsagt å bli medlem i FolkOrg, men det er ingen tvang. Her kan du melde deg inn om du ynskjer det: https://folkorg.no/kategori/bli-medlem/info-om-medlemskap/.

 

Fristen for å melde seg på kappleiken er sett til 31.oktober, men me stenger så fort listene er fulle. Det vart fullt i både 2016 og 2017, så det kan tyde på at det er lurt å melde seg på tidleg.

 

Pris per deltaking:
Senior: 200,-
Junior: 150,-
 

Startlister vert sendt ut og offentliggjort i veka før kappleiken.
Kappleiken finn stad på Riksscenen i Oslo laurdag 10.november.

 

Følg gjerne med på Facebook-hendinga for oppdateringar: https://www.facebook.com/events/214506462755930/.